Home
 
 
22 October 2008 @ 02:02 am
Tenk kor lenge det er sidan eg har oppdatert. Det er faktisk godt og vel eit halvt år sidan. Makan til dårlege greier.

Livet går sin gang, våren som stod for døra sist har gått over til sommar, som i sin tur er ferdig med greiene sine for lenge sidan. No er det haust og vel så det. Studiene, som gjekk nokså dårleg i vår, er lagt midlertidig på hylla, og no er ein strevande arbeidssøkar. For eit mas det er. Ikkje lett å vere den som havnar mellom uutdanna slæsj lavtlønna og høgt utdanna slæsj høgt lønna. Eg er lei av det, men har høge håp for ein maserunde på diverse dagligvarebutikkar i morgon.

Sidan sist har eg og Hanne hengt ein del saman og møtt foreldra til kvarandre, så vi kan vel seie at vi er saman. Over eit halvt år, det er litt. Meir enn nokon gong. Det er fint oppi all pengeløysa og lediggangen.

Eg har òg laga ei fin heimeside, ikkje ferdig, sjølvsagt, men litt. Ta ein titt!
Sjå òg på oppdatert lenkjeliste med mykje snadder frå det som i det siste har vore arbeidet mitt: Kor.

Eg er litt emo no så seint på kvelden, og sit med eit program til Aurumkonserten som skal vere i Lademoen kyrkje komande søndag (billettar kan kjøpast av meg, kom kom! Høyr Aurum her!). Denne teksten oppsummerer det eg meiner om hausten og desslike:

Så glir dei, blad etter blad, livlaust ned frå trea
Men vona har ikkje døydd
For i hjartet lever draumane om vår
Ved den siste rosa blir ein solstråle att
Som ei siste glede
Før den søte vonløysa
--
/emo.

Kanskje snakkast vi snart?