Home
 
 
29 October 2008 @ 09:43 pm
I natt klokka fire reiser eg til Praha. Der har eg aldri vore før, så eg trur det blir spanande. Eg reiser sjølvsagt i kor-øyemed, for andre øyemed er det lite av her i huset. Kammerkoret Aurum skal på konkurranse, og det blir stas. Dersom vi ikkje taper. Då blir det litt trist. Men eg skal nok klare å kose meg uansett, der eg trippar rundt i T-banesystemet i Europas porno- og annan kultur-hovudstad med bunaden min, nynnande på visa om dei to som vart knust av ei grønn eik. Det er nemleg slikt dei syng om i Tsjekkia, må vite.
Til neste gong:
Strč prst skrz krk.