Eg er skeptisk til mykje rart, og ofte er eg ganske vokal om det. Det gjer det endå verre at eg blir irritert eller i alle fall litt indignert når folk er skeptiske til ting eg ikkje er skeptisk til. Til dømes Facebook. Mange er skeptiske til Facebook, dette inkluderer to av mine eigne systre, Kristine, Line, Gunnar og Tina MHK (og tidlegare Ole Albrekt). Men dei må jo få lov, dersom dei vil, å vere skeptiske.
Men det tyder ikkje at eg har tenkt å la dei få rett i noko av det som er grunnen til skepsisen deira. Det har vore ymta frampå om at det har breidd seg ein bloggtørke etter Facebookeksplosjonen, men det skal dei ikkje få rett i (André og Tina MAT (oooh, er ikkje det ein fordelaktig akronym, så veit ikkje eg), til dømes, er jo flinke til å halde bloggane sine ved like, det same gjeld IA). Gode gamle bloggen min skal ikkje få fri med det første, sjølv om Facebook kan nyttast også til det. Så no skal eg blogge til krampa tar meg.
Etter at eg vart ferdig med heimeeksamen i TSR for to dagar sidan har eg vore nærmast euforisk av glede. Dette går utover mellom anna den eksamenen eg skal ha om to dagar, eg er for glad til å gidde å ofre han ein tanke. Kven bryr seg, liksom. Lånekassen bryr seg. Dei kjem til å bli sinte og seie at eg er ein dårleg student (og det har dei jo i og for seg rett i, men det urettferdige er at brevet deira, eller e-posten, ikkje kjem til å nemne med eit ord kor flittig korist eg er, til dømes, eller at eg har nesten to hundre venner på Facebook), og at eg ikkje fortener å få pengar av dei. Då kjem eg til å bli lei meg, for er det noko eg ikkje er skeptisk til, så er det å få pengar av Lånekassen. Faktisk likar eg Lånekassen ganske godt sånn i det heile teke. Eg burde legge Lånekassen til som venn på Facebook. You dated from 2003 to 2007 and it was great, but now you aren't speaking.
Á prikos Lånekassen, i dag hadde eg ei pinsam episode på Rema. PLU-Tourettes var på jobb, han ser eg nesten kvar dag, eg vurderer å finne han på Facebook og legge han til som venn, nesten, men etter i dag må eg revurdere. Det heile byrja med at eg sto opp, tok på meg slåbrok og slo på datamaskina mi. Der var Lene, ikkje i datamaskina, men på andre sida av MSN, og ho spurte om eg ville ha kaffi og kake. Det ville eg sjølvsagt, så eg hoppa i dusjen, hoppa ut igjen, påførte deodorant og ikledde meg hiphopklede for å gå til busstoppen. Men først ville eg ha frukost, og på Rema fann eg to croissantar (for eg er sjukt kontinental) og ein halv liter juice, type meierienes nam-nam-kvite. Eg hadde litt dårleg tid, så eg banna litt inni meg og hytta med ein tenkt neve på den gamle dama framfor meg i køa som på gamle damers vis betalte dopapiret sitt med småmynt. Dei to croissantane mine hadde ikkje strekkode, så PLU-Tourettes daska i rullebandet mens han slo inn PLU-koden. Det vart trettifem kroner nøyaktig. Eg hadde allereie drege kortet fordi eg var litt utålmodig, og slo koden raskt inn og gikk. Når eg hadde gått tre skritt ropte PLU-Tourettes "DØH" etter meg. Eg snudde meg og lurte på om eg hadde mista noko, men det viste seg å vere alle studentar sitt mareritt: på betalingsterminalen stod det "IKKE GODKJENT". Eg har alltid lurt på kvifor det står med caps lock, det er jo utriveleg nok frå før. Eg kunne ikkje forstå dette, for eg hadde vitterleg over fire hundre kroner på den kontoen dagen før, altså i går. Rettnok hadde eg kjøpt ein pakke sigarettar og eit lite McDonaldsmåltid sidan det, men det kosta jo ikkje fire hundre kroner. I desperasjon vifta eg med VISA Gold-kortet mitt for å signalisere til dei andre i køa at eg er kredittvurdert og funnen god nok, men det hjalp fint lite. Rema aksepterer kun Bank Axept, ikkje kredittkort. Eg vart kjempeflau og måte gå ut frå Rema tomhendt (og slukøra), utan kontinentale kaloribomber og ferskpressa C-vitaminar.
På veg til busstoppen sende eg "Saldo" til 04800 for å kome til botns i saka. Kvar var dei fleire hundre kronene mine blitt av? Etter få sekund kom det melding: Disponibel saldo: +12,85. Siste bevegelser: 23. mai: giro, 225 til TAKK FOR STØTTEN REDD BARNA. Pokkers Redd Barna. Kvar var barna når eg trengte å bli redda? Pokkers avtalegiro, tenkte eg. Sånn går det når ein er gavmild. Men eg har jo knekkebrød og leverpostei heime, så det å ete croissantar og juice til frukost er kanskje litt råflott. Men det er jo ikkje akkurat slik at eg gjer det kvar dag! Likevel kan det hende at universet eller Gud prøver å hinte om at hei, du, det finst born som svelt i verda, ét knekkebrøda dine og vèr nøgd.
PLU-Tourettes bur forresten på Risvollan. Det veit eg fordi han tok bussen derfrå saman med meg då eg hadde vore på Risvollan bibliotek og lånt ei bok med skodespel i eg har fortrengt namnet på. Risvollan er eit belasta strøk langt unna. Kankje det er derfor han slår i disken kvar gong han slår inn PLU-koder. For å få ut aggresjonen han har bygd opp eit langt belasta liv på Risvollan.
Etter fadesen med IKKE GODKJENT tok eg bussen til Lene. Bussen er heldigvis gratis for meg, fordi eg for lengst har gløymt dei to tusen kronene eg brukte på semesterkort i januar. Lene bur i Brundalen, eit belasta strøk langt unna, men i motsatt retning av Risvollan. I Brundalen er persiennepyromani blant dei mest populære fritidsaktivitetane for ungdom. Men belasta eller ikkje, Lene gav meg kaffi og kake, som var god sjølv om ho hadde funne på oppskrifta mens ho laga henne. Kaka hadde også ei svært belasta forklaring eg ikkje skal gå inn på her. God var ho uansett. Og eg var hjå Lene heile dagen. Etterkvart kom Eirik også, han fekk òg kake, med den belasta forklaringa som tilbehør. Men også han likte kaka uansett. Det heile var triveleg. Etterpå fekk eg spaghetti, det var også godt. Ein fin dag. Og snart er det sommarferie. Og eg har faktisk pengar, fann eg ut, dei er berre på ein annan konto. Skal sjå kor lenge eg greier å ikkje overføre frå den. Eg tippar to dagar.

Humøret mitt no::
content
4 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen | Snakk!