Home
 
 
22 September 2007 @ 02:34 am
Livet, døden, kjærleiken, etc.  
Ikkje kan eg snope.
Mest fordi eg er blakk men òg litt fordi eg ikkje burde, sidan magen min byrjar bli litt flat.
Ikkje kan eg ta bilete.
Mest fordi eg er åleine men òg litt fordi batteriet på kameraet mitt er utlada.
Ikkje kan eg sove.
Mest fordi eg sov så lenge i dag men litt fordi eg ikkje har noko lyst.

Men eg kan arre ein Wenche Myhre-låt med Sibeliusprogrammet mitt og gle meg til fast inntekt. Og koke meg spaghetti sjølv om det er alt for seint, og skrive noko intetsigande på bloggen min for å senke terskelen litt til neste innlegg.

Livet er å kjenne kjærleik til spaghettien og Sibeliusprogrammet og gle seg litt til Knauskorøvinga i morgon.
 
 
( 4 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen — Post a new comment )
[info]dritsirk on September 28th, 2007 08:46 pm (UTC)
Velkomen
tilbake.

I morgon skal eg heim ein tur. Det gler eg meg til.
(Anonymous) on October 14th, 2007 05:33 pm (UTC)
Og om ikkje lenge kjem den nye Futurama-filmen.
Det gler eg meg til. Nibbler òg.
(Anonymous) on October 14th, 2007 05:34 pm (UTC)
Og om ikkje lenge kjem den nye Futurama-filmen.
Det gler eg meg til. Nibbler òg.
-André
www.fyfarao.com
(Anonymous) on October 14th, 2007 05:36 pm (UTC)
Æsj.
Var ikkje snøgg nok.
-André, tredje gong på ditto minutt