Home
 
 
10 November 2007 @ 04:37 pm
Hårre heeeeitare de!  
I dag er vêret ikkje spesielt fint i Trondheim. Eg byrjar med å seie det, og illustrerer med dette vakre biletet. Ingenting er finare enn snø som har blitt regna i og er heilt metta med vatn. Når dei fann opp ordet slaps trur eg dei gjorde eit nummer ut av at det skulle høyrest ut som det det er. Slaps heiter slush på engelsk og på nederlandsk, aguanieve på spansk (spanjolar ass, dei kallar slaps for vassnø, kor keisamt er ikkje det, liksom) men på russisk heiter det cнежура, altså snjezhurja - og eg meiner at russarane her er dei beste til å spegle slapset sin natur i ordet. Det høyrest ikkje spesielt triveleg ut - snjezhurja - det høyrest ut som det det er. Biletet med bilar og cнежура er teke frå romvindauget mitt, for eg gadd ikkje gå ut, her er det varmt og triveleg. Stryk triveleg, cнежураforresten, for sjølv om eg her om dagen fekk akutt ryddegalskap vart eg berre halvferdig med rommet mitt, og no er det nesten like ille som det var før.

Når vi snakkar om romvindauget mitt. Eg brukar ein del tid på å sjå ut gjennom det og nyte trafikken i Elgeseter gate og utsikten til Teknobyen Innovasjonssenter. For to dagar sidan la eg merke til at huset på andre sida av gata, det koselege, veldig malplasserte, såg så nakent ut. Ved nærmare ettersyn la eg merke til at alle vindauga var borte. Ganske spesielt, tenkte eg då. Dagen etter, altså i går, mangla heile sørveggen på huset og treet ved sida av. I dag er huset borte. Sjå bileta for før- og etter-oppleving av mi nye utsikt. Eg ser no endå meir av Teknobyen Innovasjonssenter, eg er ikkje sikker på om det er ein god eller dårleg ting. Men ein ting er sikkert: eg er ganske skuffa over at dei ikkje brukte ei slik rivekule som Jessica Folcker brukte i den ekstraordinært craptastiske videoen sin.
Før: HusNo: Ikkje hus. Men plenty cнежура.
Det eg ellers er mest oppteken av for tida er det faktum at det snart er jul. Det einaste som står mellom meg og Kdepak, ty ptáčku, hnízdo máš? no er nokre ynkelege små eksamenar. Korleis dét går gjenstår å sjå, men eg trur ikkje eg ville sett store pengebeløp på veldig bra. Eg har så smått byrja lukte på julesongane òg, men eg prøver å halde det på eit minimum før advent. Og eg frydar meg over at Siri, mi kjære søster, endeleg har overvunne internettskrekken og fått seg ein blogg. Det er god underhaldning i haustmørket. Farvel til flekkene!
 
 
( Ein stakkarsleg kommentar som gjerne vil ha selskap — Post a new comment )
[info]dritsirk on November 11th, 2007 03:52 pm (UTC)
Eg må berre få sagt at du må passe deg for ikkje å høyre for mykje på julemusikk før advent. Eg er sikker på at det kan straffe seg på eit eller anna vis. Eg kjempar i mot alt eg kan forstår du. Men eg har like fullt kjøpt meg eit juleblad, med en unnskyldninga at der er mange julegåveidear. Berre tull, sjølvsagt. Eg likar berre å sjå på bileta. Snøen hjelper ikkje akkurat på. Men alt i alt er det jo koseleg. Kort sagt gleder eg meg også usannsynleg mykje til jul. Jippi. Send meg ei ynskjeliste. Hade.