Ikkje blues, eigentleg. Berre søndag morra. Oppe tidleg i dag som i går, sjølv om eg absolutt ikkje må vere oppe tidleg. Slik vart det berre. Så er eg her, med ein ny og ubrukt dag framfor meg, og det gir meg ein heilt crazy idé. Kanskje eg skal utnytte han? Det er jo nok å ta tak i rundt meg, i livet mitt. Dess meir eg tenkjer på denne sjansen eg har til å ordne opp i nokre av irritasjonsmomenta rundt meg, til dømes det umiddelbare miljøet rundt meg, dess meir freistande verkar det. Ja, eg skal faktisk rydde. Der var det bestemt. No vart eg faktisk så ivrig etter å byrje at eg gler meg til eg er ferdig med dette innlegget slik at eg kan ta fatt.
Men først: Eg må legge ut nokre bilete frå i går, då var det nemleg Viken Juleselskap avd. Nidaros 2007. Som mange veit er vi jo ein kvalmande samansveisa gjeng, alle vi som har gått på Viken Folkehøgskule, uansett kva kull vi måtte ha gått i. Vi møtest sånn innimellom, etterkvart er det vel nesten berre dette juleselskapet som er att av organisert aktivitet, men det gjer det jo dess koselegare. Vi hadde allsang, mat og underhaldning, og alt var alkoholfritt. Det må eg innrømme var ganske fantastisk. Fantastisk julevêr, var det til og med. Det er det ikkje i dag. Sidelengsslapset, eit av Trondheim sine fremste kjenneteikn, er attende.
Men slik såg det ut i går, altså:

Ia var litt sur på byrjinga, det var eg også. Etter litt forskning viser røynsle tålleg nøye at ein blir litt grinete av å gå på nordisk.

Men det gjekk ikkje lenge før humøret steig. Kaffi har den effekten på folk.

Litt rørsler til allsongane kan også ha ein effekt på humøret.

Vi leikar ikkje kristen folkehøgskule, altså.

Marièl fortel om ei oppleving ho hadde hatt med noko som ikkje var så bra. Eg hugsar ikkje kva det var, men det var triste greier.

Line er "ufotogen". Eivind er nøytral observatør.

Eg var svært nærme å vinne julebingoen.

Puppane til Mari presenterer to svært heldige nissar.

Sjå berre kor fint det var ute i går. Dersom du bur i Trondheim er det ein god idé å samanlikne med slik det ser ut utanfor vindauget ditt akkurat no. Sjansane er store for at det er styggare vêr.

No skal eg rydde!
2 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen | Snakk!