Home
 
 
27 November 2007 @ 01:36 am
Det skumlaste eg veit  
Eg reknar ikkje meg sjølv som ein spesielt redd person. Særleg er eg stolt av å seie at eg ikkje er mørkeredd eller husredd, for det aller meste. Mange er det, nemleg. Men nokre ting gjer meg irrasjonelt panisk. Det er det eg vil snakke om i dag.

Eg surfa litt på Wikipedia i dag slik eg gjer nesten kvar einaste dag. Denne gongen kom eg inn på avant-garde-kunst via atonal musikk og dadaisme. Riktig så lærerikt. På artikkelen om avant-garde stod det om den kjende Beatles-låta Revolution 9, som er eit eksempel på 60-tals avant-garde. Som mange veit er jo denne låta kjent for å skulle innehalde fleire subliminale meldingar, "Paul is dead", "Get me out" osb., og dersom ein speler songen baklengs skal ein høyre desse setningane og andre ting. Dette har eg sjølvsagt høyrt om, og sidan det var linka til ei side som tilbaud eit baklengsopptak av songen tenkte eg at eg måtte sjekke om det stemmer.

Det eg ikkje tok høgde for var at eg blir veldig veldig redd av ting som blir spelt baklengs. Det er det skumlaste eg veit, nesten. I dette tilfellet, når det eg skal høyre etter er såpass creepy i utgangspunktet, vart det reint for mykje. Eg greidde ikkje å høyre meir enn eit halvt minutt av baklengsopptaket før eg måtte gi meg, eg byrja skjelve og vart heilt stressa. Eg vart redd for å bli skremt, rett og slett.

Så tenkte eg: kvifor er det så skummelt med baklengslydar? Etter litt vurdering har eg funne ut at det høyrest unaturleg ut. Det er umogleg å gjengi baklengslyd når ein lagar framlengslyd. Baklengslyd får ein slags demonisk kvalitet over seg, sjølv om det i utgangspunktet er heilt vanleg lyd. Og når ein sit og høyrer på baklengslyd og det kjem ein framlengslyd blir det veldig ekkelt, for ein blandar det som er naturleg og trygt med noko som er unaturleg og skummelt, og eg vil halde desse to aspekta godt skilde.

For eit par år sidan såg eg Twin Peaks. Serien er jo i grunnen meir fascinerande enn skummel, men eg vart veldig redd av ein ting der. Slapp av, eg skal ikkje avsløre for mykje for dykk som aldri har sett det, men der er ein liten mann i den serien, han ser eigentleg veldig snill ut, men alt han seier er spelt baklengs. Han har altså snakka baklengs under opptaket, så har dei snudd lyden slik at det han seier blir forståeleg, men... baklengs. Ueffent og skremmande.

Det som er endå skumlare enn baklengslyd er baklengsbilete. Eg veit ikkje kor mange som har sett The Ring, men det har eg. Der er det ein veldig veldig veldig skummel figur som heiter Samara Morgan. Det at ho i utgangspunktet er ei lita jente med evig vått hår som er svært utriveleg, eit konsept som er nærmast djevelsk og ille nok i seg sjølv, blir forverra av det faktum at det blir nytta ein baklengsteknikk når ho rører seg. Det våte håret som heng over fjeset hennar liksom går framfor henne når ho går, og det skal jo hår slett ikkje gjere. Eg har aldri blitt så redd av ein film som eg vart av The Ring, og det er Samara sin feil. men no var det vel det som var poenget med heile den filmen.

Eg gjekk på YouTube og freista sjå eit klipp med Samara i, men eg vart så redd at eg berre måtte gi meg. Eg er nemlig redd ungar med vått hår, og no er eg litt stressa, eg måtte opne persiennene slik at lyset frå Elgeseter gate fekk sleppe inn på det dårleg opplyste rommet mitt.

I slike situasjonar, der ein blir minte på at ein ikkje er heilt uredd, er det greitt å tenke gjennom kva ein blir skremt av. Dette kan vere nyttig på fleire måtar: Ein kan konfrontere det ein er redd for, noko som i enkelte tilfelle nok er berre sunt og personlegdomsoppbyggjande, eller ein kan lære seg å unngå det, noko som i Samara og baklengslydar sine tilfelle er det einaste fornuftige. Eg har tenkt gjennom kva som skremmer meg, og her er den komplette lista:

  • Edderkoppar (for mange bein, for raske rørsler)
  • Ungar på film som ikkje er snille
  • Nåsåar (frå The Julekalender, ja, eg veit at det er ein komiserie, men dei er kjempeekle)
  • Dersom nokon står ubevegeleg utanfor eit vindauge
  • Ting som går baklengs
  • Folk som smiler berre med munnen, ikkje med augene
  • Når nokon stirrar
  • Realistiske draumsekvensar på film
  • Hettekledde skikkelsar ein ikkje kan sjå ansiktet på
  • Pesta som framstilt av Th. Kittelsen
  • TVar som viser berre snø og sprakar (igjen, The Ring har nok skulda her)
  • Manisk latter
  • Skraping med stemma (som på meisterleg vis skremte meg kvalm i "The Grudge")
Alle desse tinga er ting eg ikkje synst er artig at folk tullar med, kanskje med unntak av Nåsåar, og ting eg ikkje har tenkt å bli desensitivisert mot. Det ville kosta meg for mykje å bli van med alle desse tinga, eg ville kanskje teke min død av det, faktisk.

No må eg sette på noko lettfordøyeleg på DVD og legge meg. Shrek, for eksempel, er herleg uskummel. Hmmm... Kvar er den, skal tru?
 
 
( 2 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen — Post a new comment )
[info]dritsirk on November 27th, 2007 07:14 pm (UTC)
Æsj, no vart eg nesten redd sjølv her. Men så vert eg jo ganske fort redd, då. Eg kjem nok ti å la det gå utover mine refleksjonsloggplanar... Fy og fy.
(Anonymous) on December 1st, 2007 12:35 pm (UTC)
Oh yes...
Jeg er enig i alle punkter (unntatt tv som spraker), og det at du setter ord på disse tingene er nesten skummelt i seg selv.