Home
 
 
07 December 2007 @ 04:29 am
Gud vitjar Volda  
I dag kom systera mi Kristi på visitt. Ein har jo ikkje sett kvarandre på eit halvt års tid, så Inghild, medtrondheimsbuar og systerveninne, tenkte det var best at systera fekk med seg eit eksemplar av siste nummer av lokalavisa til meg, slik at vi hadde ein icebreaker, noko felles å ta tak i, nemleg lokalkulturen som framstilt i Noregs eldste og desidert dårlegaste lokalavis Møre. Og for eit nummer det var! Eg visste jo ikkje at dei kunne rapportere om at Gud sjølv hadde vitja Volda denne veka. Ja, du las rett. Gud. I Volda.

Ingen såg han der, men han la att eit visittkort, kunne pastor Reite stolt proklamere i nyaste Møre. I sin ufattelege storleik og nåde laga han nemleg eit teikn i fjellet ved sentrum, eit hol i faste grunnen forma som ei sjuspira stjerne.  Med ein diameter på omlag 7 cm.

Eg tenkte jo mitt. Møre er jo ikkje ei bra avis, og blir ofte dominert av meir eller mindre saklege innlegg frå det religiøse ytre høgre, svært ofte representert av nettopp pastor Reite. Denne gongen var det altså ikkje i lesarinnleggseksjonen han hadde fått boltre seg, men i ei reportasje. -Eit teikn frå Gud, sa Reite om dette underleg forma holet i berget ingen var i stand til å forklare.

Eg veit ikkje eg, altså. Eg er ein religiøs mann, lat meg vere tydeleg på det, og Gud finst i livets små ting, det er eg overtydd om. Men eg trur at Gud kanskje ville leggje att eit teikn som var litt tydelegare dersom han ville hinte om noko, for det første noko som var litt større enn sju centimeter, for det andre noko som var lettare å lese meining til enn ei sjuspira stjerne. Utan samanlikning forøvrig, eg ville i alle fall gjort det hadde eg vore allmektig. Og det er trass alt kjent at det å bore i stein, det har mennesket greidd heilt på eigenhand i mange hundre år. Å attributtere ei slik handling til Gud vil nesten vere ei grov undervurdering, vil eg seie.

Sunnmørsposten, Møre sitt flinke syskjenbarn, kunne i går kveld rapportere om at mysteriet var løyst. Det viste seg å ikkje vere Gud likevel. Det var visst berre eit gamalt borehovud.

Kall meg kynisk, kall meg skeptikar, kall meg fornuftig, men det er ikkje Gud alt som er litt vanskeleg å finne ut av. Og dette var vel strengt teke ikkje det ein gong. Det var retten og sletten berre ganske enkelt. Faktisk så enkelt at eg fnyste og kommenterte at det var eit borehol med ein gong eg las saka. Og eg har ikkje peiling på boring, fjell eller Gud.
 
 
( 3 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen — Post a new comment )
(Anonymous) on December 7th, 2007 09:28 am (UTC)
It's alive!
Ja! Denne las eg i Sunnmørsposten, og er ein av dei betre sakane på lenge! Greit nok, her var det ingen Reite som sa at det var eit teikn frå Gud, men det var spekulasjonar og alt slikt. Men eg er forøvrig litt imponert av at eit seks-stjerna borr kan lage eit sju-stjerna hol, for det er faktisk realiteten! Snodig...

Og forresten: Artig at bloggen ikkje er daud.
(Anonymous) on December 8th, 2007 03:57 pm (UTC)
Ja, eg må seie det var svært strategisk at Reite gjekk ut med denne påstanden før nokon i det heile hadde undersøkt kva dette mystiske holet kom av. Eg trur det var for å få færrast mogleg til å gjere narr av seg. Personleg hadde eg ikkje fått med meg denne saka før løysinga med boren kom torsdag. Så gjekk eg inn på Møre si nettavis (mre.no, ja, utan o eller ø mellom m og r. Mre altså) for å lese resten. Sjekk ut denne om du ikkje allereie ha gjort det!
(Anonymous) on December 8th, 2007 03:58 pm (UTC)
Ja, helsing Siri då. Den heimebuande.