Home
 
 
20 December 2007 @ 08:57 pm
Siste kveld i Det Grønne Huset  
No sit eg her altså i eit nesten tomt men støvete rom og har pakka saman alt eg eig. Berre hyllene og nokre skitne klede på golvet står att. Eg har budd i dette huset som er så lett å forklare vegen til i tre og eit halvt år. Det er lenger enn eg gjekk på vidaregåande.
Ting eg kjem til å sakne:
  • At det er tjue sekund å gå til butikken
  • Overfloden av store fjernsyn
  • Det høge taket
  • At busstoppen var endå nærmare enn butikken
  • Den store stova
  • Mikrobølgeovnen
Ting eg ikkje kjem til å sakne:
  • Elgeseter gate og støvet som kjem derfrå
  • Byggearbeidet på andre sida av gata
  • Golvbelegget på kjøkkenet
  • Sprekka mellom dusjkabinettet og servanten
Takk for meg!
 
 
( 2 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen — Post a new comment )
[info]pushyqueen on December 21st, 2007 06:13 am (UTC)
Hvor skal du gjøre av deg nå da? /nysgjerrig

God Jul! :)
[info]olebrekt on December 30th, 2007 08:13 pm (UTC)
En æra er over og du vet det. Men tro meg, Lars, å flytte fra det grønne huset kan være svært konstruktivt.