Home
 
 
22 January 2008 @ 08:47 am
Livsteikn  
Etter eit par veker utan internett i det nye huset pluss flyttekaos er vi no så og seie på plass her i Nedre allé 7. Det er ein fin stad. Eg og Marit har greidd oss utan det store dramaet enno, så det lovar godt. Her er eit bilete av Marit, min nye flatmate:

Biletet var eit aldri brukt forsøk på å vere artig og er teke på IKEA.  "Sjå kor fin leiligheit vi har" , skulle vi seie, og lure folk, men vi lot det vere. Sidan leiligheita vår faktisk er ganske fin var det lite vits i, dessutan viser prislappane, og Marit har sko på. Dette er ikkje truverdig, og ein god lurevits bør vere nettopp det.

Eg skal poste bilete frå det nye huset snart, men medan de ventar kan de jo kose dykk med noko av det styggaste som finst som dukka opp når eg grov fram kjøkkentinga mine frå loftet i Elgeseter gate. Ja, eg flytta på hybel når eg var 16 år, og i 2000 var det ikkje trygt for at det var kinesiske teikn på diverse bruksartiklar. Eg minnest også å ha hatt to andre, mindre glas og ein vase med slike teikn på, men desse har mest sannsynleg lide ei resirkulert skjebne, dessverre.

Semesteret har starta her i Trondheim, og det har vore meir enn nok å henge fingrane i hittil. Aurum hadde konsert på Stjørdal første helga etter nyttår, og Størdalens Blad har meir om denne saka, samt tidenes oppvising i feil bruk av blits. Elles har Knauskoret tilbragt ei helg i studio no helga som var, og det var jo kjekt. Endå kjekkare var det at det gjekk bra. Sjå etter plata utover våren. Vi snakkar typisk løp-og-kjøp-tilfelle.

Dette blir berre eit kort livsteikn frå meg i dag, dei som kjenner eller ser mamma og pappa kan jo helse og seie at eg har forlagt mobilen men lever i beste velgåande. Så avsluttar eg med ei reklame som gir promp, noko av det artigaste som finst, eit dårleg rykte. Og ja, denne fann eg i dag. Eg undrar meg på om nokon faktisk klikkar på desse sidene. Seinare!


 
 
( 5 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen — Post a new comment )
(Anonymous) on January 22nd, 2008 01:29 pm (UTC)
Hipp hurra for livsteiknet. Eg elskar å oppdage livsteikn i historietimen.
Eg vil gjerne ha fleire.

Siri.
(Anonymous) on January 22nd, 2008 02:46 pm (UTC)
Jeg satt lenge - og da mener jeg LENGE - og kikket på bildet mens jeg prøvde å forstå hvor i leiligheten det var tatt. Stusset særlig over sitgen i bokhyllen, i og med at dere har skråtak og det dermed er begrenset hvor høyt man kunne klatret. Aaaanyway, godt å få et livstegn.e Jeg lever også, selv om jeg nesten er syk.

ia
[info]olebrekt on January 23rd, 2008 12:04 am (UTC)
For ikke å snakke om apostroffeil i ingressen. Jeg trodde forresten på bildet. Nå gjør jeg ikke det lenger.
[info]dritsirk on January 26th, 2008 05:04 pm (UTC)
Lurt
Eg vart misunneleg på bokhylla, så det var bra du avslørte spøken. Eg kunne jo kome til å legge deg for hat på grunn av det. Men det skal seiast at eg reagerte på antal Ikeamøblar.

Eg sende deg ei melding i går då eg sat og såg Melodi Grand Prix. Eg synest refrenget til Ole Ivars var så bra, nemleg. Såg du ikkje sendinga, treng du ikkje uroe deg. Dei gjekk jo vidare til ekstrasjansen. Dessutan har eg skrive det på min blogg, om du skulle ha lyst til å lese god poesi.
[info]dritsirk on January 27th, 2008 01:37 pm (UTC)
PS
Eg ville forresten ikkje teke på meg ansvaret for Aurum-bileta, Arnulf (eller kva den fotografen no heitte...).