Home
 
 
13 February 2008 @ 09:53 pm
Ting ein berre må gjere  
Sjølv om eg er forkjøla og det er synd på meg har eg i dag gjort to ting ein berre må gjere. For det første har eg vaska dusjforhenget. Produsenten av dusjforhenget vårt har vore omtenksame nok til å opplyse om at det bør "sköljast av efter varje dusch" og "tvättas en gång i månaden", og sidan eg har budd her i over ein månad no var det på tide. Det byrja bli litt rosa nedst, og rosa ting i dusjen vil vi ikkje ha anna enn kanskje ei sjampooflaske. Eg har ingen garanti for at dei førre leigebuarane fylgde desse oppmodingane frå dusjforhengprodusenten, så kan hende det ikkje har vore vaska på mange månader. Det er uansett ganske lite stress å vaske dusjforhenget. Vaskemaskina gjer mesteparten av jobben i skrivande stund. Det stod òg på dusjforhenglappen at det skulle strykast, men det vel eg å behovsprøve. Eg har trass alt viktigare ting å gjere.

Den andre tingen eg har gjort i dag er å byte sengkle. Dette synst eg er mykje meir stress enn å vaske dusjforheng. Vel er eg vaksen og har budd for meg sjølv i åtte år, men eg synst framleis at dynetrekk er vanskeleg å ha på. Det eg har brukt i dag er det finaste sengesettet eg har, det er grønt og fint og nesten nytt, og ikkje for umandig trass i eit diskret bladmønster (ja, eg har meiningar om sengesetta mine). Det som er problemet med dynetrekk er at hjørna på trekket og hjørna på dyna aldri vil samarbeide. Denne gongen viste det seg at dyna mi var ca ti centimeter for lita i breidda til dynetrekket. Dette finn eg rart, eg meiner å hugse at det passa sist, men så kan det hende eg hugsar feil. Eg har vaska dyna nyleg, kanskje ho har krympa litt? No er det i alle fall gjort, og i kveld skal eg legge meg i ei god og crispy seng.

Elles er det lett å kjenne seg utilstrekkeleg i desse dagar. Mykje å gjere, lite gjort. Eg er langt over hovudet med skulearbeid, CD-prosjekt, konsertplanlegging og bukseengros. Av den grunn har eg vore litt utanfor dei siste dagane, det er lett å bli litt motlaus no og då. I tillegg er det lenge sidan sist eg hadde pengar, men det er eg jo van med etterkvart. Det hjelp likevel ikkje på noko problem å vere blakk. Korleis skal ein då kjøpe seg fri fri for ting og vener? Nei, sei det.

Eg tek ein ting om gangen. I dag altså dusjforhengvask og skifting av sengkle. Og kanskje skal eg fikse nokre av dei andre småtinga som heng over meg også?
 
 
( 6 glade kommentarar som gjerne vil at fleire skal bli med på festen — Post a new comment )
(Anonymous) on February 14th, 2008 08:24 pm (UTC)
Eg føler eg er den første til å kommentere her inne alltid! Hmmm, småting hengande over seg? Det er eit ukjent fenomen for den upliktoppfyllande veslesystera di. Eg har verkeleg tusen ting å gjere, og i dag fekk eg bakeånda midt opp i det heile, så eg måtte nok bake i staden for å gjere eit av dei tre prosjekta som skal inn i løpet av den komande veka. Ja, eg reknar med du fekk den sinte mailen eg sende om di ikkje-eksisterande oppdatering heimatt der eg meir detaljert gjorde greie for mine plikter og livet elles. Dette vart ein lang kommentar, gitt. Eg er flink å skifte dynetrekk, og eg er ikkje blakk heller. Men eg vaska dusjkabinettet ein dag. Og i dag vaska eg kle. Stå deg godt!

-Siri
(Anonymous) on February 14th, 2008 10:14 pm (UTC)
Hei!
Dette var rart. Dette har eg aldri gjort før... og det er faktisk litt ekkelt! Men når ein ikkje får kontakt med sin førstefødde via andre kommunikasjonskanalar, så får ein ta i bruk dei mulegheitene som finst. Kanskje du kan sende eit livsteikn på andre måtar, som ikkje er opne for allverda... Elles er det bra at du skifta sengkle og vaska dusjfor- henget i dag! Nei, eg orkar ikkje å skrive meir her, eg vert uvel! Dette er ikkje eit forum som høver for ei mor midt i førtiåra. Neida, jada, sådeså!
[info]pushyqueen on February 16th, 2008 11:58 am (UTC)
Aleksander og jeg diskuterte akkurat hvor koselig det er å lese postene dine. Vi er begge fan av nynorsken din. Er litt misunnelig faktisk.

Det finnes ikke noe som er så digg som rent sengetøy! Og det er veldig, veldig viktig med en ren dusj.
[info]dritsirk on February 17th, 2008 01:23 pm (UTC)
Ja, eg sit jo her og et krokodillar og skal pakke sekken til Danmarksturen i morgon. Eg likar ikkje å pakke, så difor finn eg på mange andre ting. Som å prøve på meg nye kombinasjonar av alle klesplagga mine. Det gjer at eg trur eg har fått nye kle. Lurt. Så sjekkar eg alle bloggane. Flaks at din var oppdatert slik at eg kunne kommentere, gitt. Ja, så et eg snop. Utan å eigentleg ha så veldig lyst på. Sånn kan det gå.

Elles kan eg jo nemne at i mitt liv er det liksom litt på fylgjande måte for tida: mykje å gjere, mykje anna gjort. Det er ikkje så veldig konstruktivt, men det held meg i gang. Snart får du eit brev. Det kan vere fordi du nyleg har laga eit flott rim utan vilje.
(Anonymous) on February 19th, 2008 09:43 pm (UTC)
Jeg syns du har vært flink, jeg, Lars! Det er faktisk en stor prosess det der å skifte sengetøy, og da kan man virkelig være fornøyd etterpå. Når du da faktisk i tillegg har fått vaska dusjforhenget (som jo i seg selv ikke er så vanskelig, men blir en stor prosess likevel ettersom det er noe man ofte tenker på, men sjelden får seg til å gjøre) syns jeg virkelig du har vært flink!

Line
[info]dritsirk on April 9th, 2008 07:53 pm (UTC)
Jepp. Du er omtrent like ivrig som meg du, på å oppdatere bloggen din.

Sånn. Der var det sagt.